Jærensykling i Arne Garborg spor

Bryne-Knudaheio-Hå gamle prestegard-Bryne
En sykkelturtur i kulturlandskapet på Jæren med besøk til Knudeheio, Arne Garborg fødested og Hå gamle presegård
FAKTABOKS
- GPS spor: https://ridewithgps.com/trips/100043788
- Start/sluttpunkt: Bryne
- Vanskelighetsgrad: Middels lett tur
- Underlag: Asfalt
- Anbefalt nettsted: Garborgløypa
Vi opplevde en langhelg i Bryne med strålende sol og vindstille. Det kan sammenlignes som å vinne i Lotto!
Med høy solfaktor syklet vi denne dagen i Arne Garborgs «spor». Første stopp var Knudaheio. Fra Bryne sentrum syklet vi på Arne Garborgs veg og Garborgvegen mot Oma (veinavnene indikerte klart at vi var på rett vei!). Videre gikk turen på Undheimsvegen. Turens bratteste bakke var opp til Knudaheio.


KNUDAHEIO
Knudaheio med sitt flotte utsyn over Jæren er sommarstova til diktaren Arne Garborg (1851-1924). Namnet kjem av landskapet huset ligg i. Ei knudahei er ei utmark full av steinar og kollar.
Knudaheistova er eit jærhus, og det stod ferdig i 1899. Då hadde det torvtak og haljekledde vegger. Men taket lak som ein sil, og kyrne åt halja på veggene. I 1907-1909 fekk huset takpanner og bordkledde vegger. I dag ser det ut slik det gjorde i 1909. Frå 1899 til 1923 budde Garborg her i periodar nesten kvart år.
Neste stopp er Garborgheimen. Vi kommer dit ved å sykle ned fra Kudaheio og ta inn på Risavegen.
GARBORGHEIMEN
Garborgheimen er diktaren Arne Garborg (1851-1924) sin fødestad og barndomsheim. Her vaks han opp i ein syskenflokk på ni. Huset blei bygt i 1847-48 av foreldra Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg. Garden blei seld i 1869, men familien budde her fram til 1870, då Eivind Garborg tok livet sitt. Då hadde Arne (døypt Aadne) forlengst flytta frå heimen. Han sa frå seg odelsretten og reiste ut som 16-åring for å arbeida som lærar, seinare for å studera. Etter eksamen artium i Christiania i 1875 endra han namn frå Aadne til Arne. Arne Garborg blei ein av dei første som gjorde eit levebrød av å skriva på nynorsk.
Garborgheimen er eit stilreint jærhus med karakteristiske skutar i endane. Huset er møblert med tidstypisk innreiing frå 1850-åra. Bygget blei freda i 1938.

FRÅ AADNE TIL ARNE
Arne (f. Aadne) Garborg var fødd og oppvaksen på garden Garborg i Time kommune. Han var den eldste av ni sysken og odelsgut. Men Aadne ville ikkje bli bonde. Han ville leva av pennen. 17 år gammal reiste han austover for å studera. Etter eksamen artium frå Heltbergs Studenterfabrik i 1875 endra han namn frå Aadne til Arne. Arne Garborg blei ein av dei første som gjorde eit levebrød av å skriva på nynorsk.
Arne Garborg skreiv romanar, dikt og skodespel, essay, artiklar og fagbøker. Den burtkomne Faderen (1899) og Knudaheibrev (1904) er skrivne i Knudaheio. Her gjendikta han òg fleire utanlandske bøker til nynorsk, mellom anna Odyssevskvædet av Homer. Diktsyklusen Haugtussa (1895) er inspirert av landskapet aust for Knudaheio, der Arne var gjetargut i oppveksten.
I HAUG
Arne Garborg døydde i 1924. Han blei kremert, og oskeurna blei sett inn i gravhaugen her i hagen året etter. Då kona Hulda Garborg døydde ti år seinare, blei også hennar oskeurne sett inn i gravhaugen. Minnetavlene er laga av ein stor stein funnen i Knudaheimarka. Dikta på tavlene er av Arne og Hulda sjølve.
HÅ GAMLE PRESTEGARD
Fra Garborgheim går turen videre til Hå Gamle Prestegård som nå er kunst- og kulturinstitusjon i et tradisjonsrikt og verna anlegg.
Vi valgte å sykle Fv505 fra Mossige i motsatt retning vi kom når vi syklet til Knudaheio, videre mot Hognestad og Torland mot Nærø. Alternativt kan en sykle Gudmestadvegen til Nærbø.
Fra Nærbø syklet vi Skjerpevegen mot Vigre. Deretter Håvegen til Hå Gamle Prestegård.

Fra Hå Gamle Prestegård syklet vi over «jordene» til Nordsjøvegen og videre på Høyland veien retning Jærvegen. Deretter er det «raka vegen» på Jærvegen til Bryne sentrum.

Teksten om Knudaheio, Garborgheim mm er kopiert fra informasjonstavler. Turen ble syklet i august 2022.

Legg igjen en kommentar